torsdag 18. januar 2018

Gratulerer Håkon!

I dag fyller yngstemann 24 år.  Vi gratulerer!

No er Håkon mastergradstudent, og om eit par-tre år er han truleg å finne på ein skule i området som gym- og norsklærar.  Tida vil vise.

Vi håper at han har ei fin feiring!

mandag 15. januar 2018

Flystrikk

Fredag til laurdag skal eg ein snartur til Oslo.  Der er møte i LMHS. Eg plar seie at eg aldri kjedar meg.  Det er alltid noko å finne på, og tida strekk ikkje til alt eg har lyst å gjere.  Men å sitte to timar på Vigra kan vere ein prøvelse.  Når eg skal rekke båtar, fly og tog, er eg halvstressa.  Då hjelper det å strikke.

Eg har bestrilt garn til Baalsrudgenseren til mannen.  Fredag fekk eg melding om pakke, men då kom berre nokre knappar, og garnet stod i restordre.  Heretter skal eg handle med nettbutikkar der det står "på lager"/"utsolgt".  I helga har eg ikkje hatt noko strikketøy på gang.  Då eg snakka med dottera i går kveld, fekk ho lov å ønske seg noko.  Kravet var at eg berre skal strikke rundt og rundt på ein bol på den komande turen.

Valet fall på ein genser i Mer bystrikk.  Då eg kom på Trådkråa i dag, fekk eg vite at dei var utselde for garnet Soul som står i oppskrifta. Garnet har lagt lenge i butikken for no å bli rive vekk.

I fjor strikka eg ein genser til Birte på same pinnar som i oppskrifta.  Valet fall derfor på tynn alpakka og Faerytale.  Alpakkaen er litt melert.  Eg trur det skal bli bra!  No har eg strikka brotet framme, og har god tid på å strikke brotet bak.  Ja, eg rekk nok å strikke litt på ermane og!

lørdag 13. januar 2018

Flettegenser i Alpakka

Olaug kom heim ei veke før jul, og så reiste ho ei veke etter jul. Det gav meg tid til å strikke henne ein genser.  Eg hadde sett ut både garn og mønster før ho kom, men eg ville ha godkjenning før eg sette i gang. genseren er strikka i Sandnes alpakka på pinnar 3,5.

Mønsteret er i #Strikk av Ellen Wessel.  Der er mange fine modellar som dei unge damene i familien liker. Boka berre grabba eg med meg ein gong eg var på biblioteket etter lydbøker.  Eg tek gjerne med meg kokebøker og strikkebøker for å bla i.

torsdag 11. januar 2018

Bok 1: Mafiela



Dagbladet avslører at tidligere olje- og energiminister Fred Kvarme har hatt store beløp på hemmelige kontoer i Seychellene. Kvarme nekter å kommentere, og mediene spekulerer i hvor pengene kommer fra.
Siri Wickstrøm kjenner Kvarmes kone Elisa, har også hilst på Kvarme.
Avsløringen av Kvarmes hemmelige kontorer i utløser dramatiske hendelser, og Siri blir dratt inn i et spill om store verdier ...
Kraftmarkedet i Norge ble liberalisert i 1990. Fra da av har kraftbransjen arbeidet systematisk for å presse strømprisene opp til et kunstig høyt nivå. Dette arbeidet fortsetter, med stadig mer kreative løsninger ...


Denne romanen heldt eg på å legge frå meg.  Kor interessant kan det bli med kraftmarknaden som bakteppe?  Eg gav romanen ein sjanse, og etter kvart begynte eg å like handlinga med den kvinnelege teologen som "detektiv". 

No er eg glad eg har funne meg to romanar som ikkje er krim.

onsdag 10. januar 2018

Tid kan målast

Sitatet er frå Herborg Wassmo sin roman Den som ser. 

Klokka mi stoppa halv tre i natt. Dermed måtte eg greie meg ein skuledag utan. På grunn av kurs hadde eg berre ein undervisningstime, heldigvis. 

Julegåva til mannen i år var ei klokke utan batteri. Den vert trekt opp med aktivitet. Så slepp han slike dagar. 

Akkurat i dag passa det no fint med ein bytur. Og så fann eg ut at eg likegodt kunne køyre til Ørsta og besøke foreldra mine. Det vart ein kjekk time!

På heivegen starta eg på Wassmo sin roman, lesen av Gøril Mauset. Det lovar bra! 

mandag 8. januar 2018

søndag 7. januar 2018

Plukke ut jula

Det tek si tid å få vekk all julepynten her i huset. Noko snik seg alltid vekk, derfor gir vi oss sjølv omtrent ei veke til å finne alt. I jula har eg hatt sviblar i urtepottene.  Det fungerte heilt flott.  Vatnet forsvann på ei veke, og dei treivst godt.  No prøver eg same stell på primulaene.

I dag for siste julegjesten med nattbuss til hovudstaden. Sjølv har eg fått ny timeplan med full dag med undervisning og møte til halv fire om måndagane.  Det førte til halv arbeidsdag i dag.  Eg ser altså at eg må disponere tida litt annleis midt i veka.

lørdag 6. januar 2018

Snøballvottar i minste storleik

Desse vottane var kjappstrikka! Ef fann fram nokre restar i tynn alpakka/ull, la opp 30 masker på pinnar nummer 4 og følgde oppskrifta vidare.  der skulle berre vere ei rad med snøballar i den minste storleiken.  Hadde eg lese gjennom oppskrifta på førehand, hadde eg nok gått opp ein storleik.

No har eg vaska vottane på eit 20-minuttsprogram.  Dei skal bli gåve til ein liten venn.  Mora skal få tove dei vidare til dei passar handa hans.

Oppskrifta kjøpte eg som skrive i går på nettbutikken til #knitting-inna

fredag 5. januar 2018

Endå meir


Det er litt dumt for strikkeinteresserte at strikkebøker kjem ut første veka i januar, ikkje til jul. Men heldigvis hadde eg julegåvepengar. 

Den førre boka Bystrikk er nok den strikkeboka eg har strikka mest frå. Denne inneheld også mange fine plagg. 

Eg hadde planar om å strikke eit par vottar eg hadde sett på Instagram. Det første eg gjorde, var å sjå etter dei. Men eg fann dei ikkje. D viste det seg å vere ei einskildoppskrift som ein kan kjøpe og laste ned. Då eg hadde betalt, kom ho på eit par sekund! 

No må eg berre gjere frå meg genseren eg held på med.

torsdag 4. januar 2018

Med Varde-genser i kofferten


Desemberstrikketøyet mitt i år var ein Varde-genser i Finull på pinnar 3. Eit tidkrevjande prosjekt med andre ord. Journalisten som no arbeider i Alta vart prioritert. Eg tenker den kan vere anvendeleg både innandørs og under dunjakka.

I tillegg strikka eg ei hue av restane. Den kan de berre sjå i katalogen.

onsdag 3. januar 2018

Kunst i bruk

Då eg var på nasjonalgalleriet i Edinburgh fall eg for desse netta i ,useumsbutikken.  Dei hadde ulike kjende måleri, og tanken bak dei var at folk skulle få sjå kunsten. Då mannen skulle attende dit, lokka eg han til å kjøpe nokre som eg kunne ha til smågåver.  Han kjøpte og "Pike med perleøredobb".  Det nettet har eg ikkje gitt vekk enno...

Nettsamlinga som inneheld ulike merke som Coop, Kiwi, Bunnpris og Spar, vert gjerne putta i dette fine nettet når eg skal handle mat.  Dei er både miljøvennlege og sterke, og så gir dei kanskje små kunstopplevingar?

tirsdag 2. januar 2018

Plante i gåve

 Denne fine planten fekk eg med søstera mi i romjula.  Eg har ikkje sett denne sorten orkidé (?)før.  han har luftrøter, men er planta i mold.  Eg håper eg greier å ta vare på han lenge!

mandag 1. januar 2018

Blogging 2018

Mitt første blogginnlegg skreiv eg 8. september 2007. Eg ser at det var Olaug, 10 år den gongen, som hjelpte meg i gang. Sidan det har eg blogga om stort og smått, gjerne kvar dag.  Det siste året har det av ulike årsaker vorte færre blogginnlegg. Eg kjenner likevel at eg ikkje har lyst til å slutte heilt.  Om eg har mindre å melde, får eg heller legge ut saker sjeldnare. Eitt alternativ er å legge ut meir om små kvardagslege hendingar og små refleksjonar ein gjer seg.
Ei oppdaging eg gjorde i går, var at eg faktisk aldri før har sett eit skikkeleg fyrverkeri!  Det vart oppskote eit skikkeleg kommunalt fyrverkeri på moloen av ein pyroteknikar.  Ein følte at fyrverkeriet la seg på himmelen over ein. Fleire enn eg vart nok positivt innstilte til tiltaket.  
Tidlegare år har eg og skrive bloggerklæringar.  Det går an å gå inn på 2016 og klikke seg bakover.
Eg har ikkje begynt å legge ut julegåvene mine i år.  Så har eg tema nokre dagar framover ... Løparen, lysa og serviettane låg under juletreet. Folk ser nok at eg er glad i å pynte bord.
Eg synest ein kan nytte alle høve til å dekk på med serviettar.  Ser eg ein serviettpakke på sal, er sjansen stor for at han dett ned i handlekorga mi. Så har eg noko å velje i.
I 2018 vil eg også legge ut kva bøker eg har lese.  Det kan ikkje kallast bokmeldingar.  Eg det eg finn som "reklame" for bøkene, og så seier eg kort mi eiga meining.  Om eg lurer på om eg har lese ein roman, kan eg berre søke det opp på bloggen.  Så får eg sjå om det vert kåring av årets roman ein av dei komande dagane.

Elles får eg håpe på mange fine turar i 2018, både i nærmiljø og anna. Det hender og eg har fine naturopplevingar på veg til jobb.

Om vinteren er det ikkje så mykje å skrive om hagen, men kanskje det kan dukke opp ein plante eller to av og til?

Av og til går det an å legge ut bilde frå jobb,utan elevar ,så de kan få sjå litt av yrkeslivet mitt.  Men jobben vert nok stort sett halden utanfor bloggen. Kjem eg over gode oppskrifter frå skulekjøkenet, lovar eg å dele dei med blogglesarane.

Den kjæraste hobbyen min dei siste åra har vore strikkinga.  Det er kjekt å lage ting samtidig som ein kan sitte og slappe av og la tankane flyge.  I tillegg er det ein fin måte å halde seg vaken på.  I kveld ser eg fram til "Broen"på NRK.

Tidlegare handla bloggen mykje om familien.  Det har vore ulike grunnar til at eg ikkje vil, og dei ikkje vil at eg skal, legge ut for mykje privat. Dagbokformatet har eg gått meir og meir vekk ifrå.  Det gjeld nok mange.  Men eg er glad for at mor mi held oss , slekt og naboar orienterte om korleis dei har det på sin blogg.

Vegen vil verte til medan ein går, heter det, og slik vert det garantert med blogginga i 2018.

Godt nytt bloggår!



søndag 31. desember 2017

Godt nytt år!

Eg vil ønske alle blogglesarar eit riktig godt nytt år! 

I dag tidleg tok eldstemann, journalisten, fly til Alta der han skal jobbe for NRK.  Det skal bli spennande både for han og oss! 

lørdag 30. desember 2017

Romjulsal

Ein erfaren shoppar veit omtrent kva ting kjem til å koste i romjula. I går vandra eg litt rundt i næraste by.  På Nille kjøpte eg nokre dekketallerkar til rundt 50 kr - til saman.  Det kan no vere kjekt med litt farge på bordet. Elles må eg tilstå at serviettsamlinga ikkje har krympa denne jula heller. 

Kva elles kjøper ein? Eg oppdaga til dømes at deodoranten min var nesten tom, og då er det kjekt når gåvesetta er halv pris ...

Bok 51: Kvinnen i lugar 10

«Kvinnen i lugar 10» er en intens og klaustrofobisk krim, som ikke slipper taket i deg før siste side er lest.

Reisejournalist Jo Blacklock får drømmeoppdraget. Hun skal være med på et luksuscruise til de norske fjordene og skrive om det i reisemagasinet hun arbeider for.

Men reisen får en bråvending da Lo våkner av et skrik midt på natten, og fra lugarvinduet sitt ser hun en person bli kastet over bord. Lo slår full alarm, men det viser seg at ingen er savnet, verken blant personalet eller gjestene. Hun blir usikker og forvirret; har hun drømt det hele? Eller er hun fanget på båten med en morder - og som eneste vitne til en forbrytelse?


Eg bruker å lese ferdig bøker eg har begynt på.  Denne heldt hardt ei stund.  Etter mi meining vert det mykje prat.  Når eg no les om romanen, ser eg at det er ein psykologisk thriller. Slutten kan kanskje legitimere det.  Men to tankar slår meg; Ville ein mann like denne romanen? Ville den vorte omsett til norsk viss handlinga ikkje var lagt delvis til Norge?  Terningkast 3 frå meg.

fredag 29. desember 2017

Sjur Olai Trovåg - ein av dei 12

1. juledag var store delar av slekta mi på premieren til storfilmen Den tolvte mann. Det har knytta seg ein del spenning til filmen. Vil vi få vite meir om onkel Sjur, bror til farfaren min, som var ein av dei 12? Då vi fekk vite at skodespelaren som hadde fått rolla som han, kom frå Lærdal, tenkte vi han skulle få ein replikk eller fleire. Det fekk han ikkje. Men det gjekk fram at han var den første som vart forhøyrd og torturert - og at han heldt tett.

Eg hadde ønska å ...få lære meir om forhistoria, altså om sjølve sabotasjeoppdraget.

Alle har vore samde om at filmen var spennande frå byrjing til slutt. Det er flott at hjelparane har fått sine historier dokumenterte. Vi meiner og at terningkastet/karakteren er 5.

Øystein har skrive ein tekst med Sjur Olai Trovåg si historie. Eg reknar med at det kan vere interessant lesnad både for slekt og blogglesarar.

http://oysteinorten.blogspot.no/2017/12/onkel-sjur-ein-av-dei-12.html
 

torsdag 28. desember 2017

Slektstreff

 Vi har ikkje kunna lagt så mange planar for denne jula. Frå ungdomane har det vore eit sterkt ønske å treffe søskenbarna, det vil seie borna til søstera mi.  Det er dei som er så nær at dei kan kome på dagsbesøk. Studentane er no spreidde rundt om i landet: to i Oslo, ei i Bergen og ein utanfor Tronheim. Det var derfor ekstra kjekt at alle kunne stille på kort varsel.

 
 Serviettane var valt ut med tanke på gjestene...

tirsdag 26. desember 2017

Kos med katt

Vi har berre eitt kjæledyr att i heimen, katten Lucy som Olaug fekk for 7 1/2 år sidan.  Kaninen som var like gammal, døydde i haust.  Vi spøker med at katten har vorte einebarn i heimen. Han er i alle fall bra bortskjemt.  Det er tydeleg at katten set pris på ho som eigentleg eig han, om det då går an å eige ein katt?

mandag 25. desember 2017

Fin i strikk

I konfirmasjonen til eldstemann til bror min i mai gjorde eg ein avtale med yngstemann om at han måtte ringe til tanta om han skulle trenge ein ny genser.  I fjor gjorde han det klart at han hadde tre genserar!

Tanta tenkte at ho måtte ha ein genser på lur om han skulle ringe.  Eg kjøpte garn til denne på ein strikkekafé i oktober. Mønsteret er enkelt og fint, synest eg.  Eg strikka den i lengda til 10 år, men så strikkar eg litt fast.  Slike smale genserar veks gjene med borna. 

Det høyrer med til historia at guten ikkje har ringt tanta enno.  Men eg reknar med at han treng ny genser ...

søndag 24. desember 2017

lørdag 23. desember 2017

Kvelden før kvelden

No er det relativt stille i heimen.  Gutane, eller rettare sagt dei unge mennene, er på besøk hos mellomstemann. Han kjøpte seg leilegheit i sentrum i sommar.  Frøkna ville trene litt i kveldninga.  Eg ventar på at oppvaskmaskina skal gjere seg ferdig slik at eg får rydda kjøkenet skikkeleg.

Tidlegare i dag har eg rydda, stroke og baka grovbrød. Eg inviterte gjengen på sein middag.  For to av dei vart det visst middag nummer to, noko som gjekk heilt fint.  På menyen stod ferdigkrydra svineribbe frå Coop og karamellpudding.

Det vert ei spesiell jul for storfamilien.  Faren min vart innlagt på Ørstaheimen for eit par veker sidan og lyt feire jul der.  Mora mi vert der saman med han.  Dei har mykje besøk av familien.  No i jula er det stas med barnebarna.  Heldigvis er pappa heilt kår, og han har alltid ein replikk på lur. Ein må ta dagane som dei kjem.

Bok 50: Glasshjerte


Robin og Mikkel er brødre. Robin blir vitne til det grusomme som skjer med kusinen deres, Amina. Han kan ikke hjelpe henne, og heller ikke hente hjelp.
Robin er ute av stand til å uttrykke hva han har sett.

Mens Mikkel vet noe han ikke vil fortelle. Ikke til noen.

Glasshjerte er en fortelling om å kjenne igjen ondskapen når du møter den. Og om å streve med å forstå hvem du selv er.
Men den handler også om hvor langt et menneske våger å gå for å holde fast ved kjærligheten. Torkil Damhaug er dobbel vinner av Rivertonprisen, han fikk prisen for årets beste kriminalroman både i 2011 og i 2016


Denne romanen har eg berre brukt eit par-tre dagar på.  Mykje praktisk arbeid gir lesetid.  Det er og ein slik roman ein slår av TV-en og heller lyttar til.

Bok 49: Kalypso


Sterk oppfølger til suksessen «Wienerbrorskapet».

På et sykehus i Oslo våkner politietterforsker Fredrik Beier langsomt til live. Han husker ingenting fra kvelden som førte ham hit. Ved en villa på byens beste vestkant bor en barnløs, gammel enke, og postmannen reagerer på at hun ikke lenger tar inn avisen. Beiers kollega, Kafa Iqbal, tar seg inn i boligen, men enken er forsvunnet. Et overvektig mannslik ligger derimot i trappen - denne mannen finnes ikke i noen offisielle arkiver. Politiet finner snart en ny død kropp, og Fredrik og Kafa avslører at de to har en ting til felles. De innser at de står overfor en gjerningsmann som har mye å hevne, og ingenting å leve for.

Gjennom intens spenning og flere fortellinger og tidsplan som flettes inn i hverandre, forener Johnsrud storpolitisk thrillerhandling med politiromanens nordiske noir-realisme.


Denne romanen fekk eg ikkje taket på.  Det vart for mange trådar å halde greie på.  Det kan og hende at det hadde vore ein fordel å lese Wienerbrorskapet først? Eller at boka hadde eigna seg betre på papir?

fredag 22. desember 2017

22. desember

I dag har vore den store vaske- og handledagen her i huset.  Det var nesten mørkt før vi kom oss av garde.  Det var nokre gåver som skal vere her i huset som måtte skaffast.  Først vart det handel i bygda, så for vi over Eidet til næraste by. 

Eldstekarane skulle besøke besteforeldra i Ørsta og gjere litt nytte for seg der. Derfor passa det godt for alle å ikkje samlast før til kveldsmaten. Eg rakk å bake grove rundstykke,og så vidt vørterbrød, før gjengen kom. 

Observante blogglesarar vil kanskje sjå at eg har kjøpt ein ting til huset i dag, nemleg plastduken på Prinsess.  Eg såg raskt at eg skulle hatt nokre einsfarga serviettar - og koppar...

mandag 18. desember 2017

Genser til Andreas


Denne genseren strikka eg i haust til ein god kollega som venta ein gut. Oppskrifta er frå Bystrikk. Sidan eg strikkar litt stramt, valde eg å strikke i 6-9 månader. Brandølingen har allereie tatt genseren i bruk. Eg tippar gensern kjem til å vekse med guten.

søndag 17. desember 2017

I dag var vi fem til bords igjen.  Det vart servert enkel middag, nemleg juleskinke.  Til dessert var det krem, kirsebær, fersken og to slag julekaker.  Etter at vi hadde vore på julekonsert i kyrkja, og gjestene sett handballkamp, kokte eg sjokolade til aniskringlene eg laga i føremiddag. 

I morgon kveld skal eg hente frøkna på flyplassen i Ørsta.  Eg nyttar høvet til å besøke far min på Ørstaheimen.  Elles har eg nokre ærend der inne, kanskje saman med mor mi.

Det vert nokre hektiske dagar på jobb også famover. Eg satsar på å ta meg til til litt blogging likevel.

torsdag 14. desember 2017

Årets julevottar ...

... er no ferdige!

det passar fint for meg å strikke vottar som julekalender.  Ein får 1/5-del lagt ut kvar veke.  Så det vert ikkje noko stress.  Design Jorid Linvik.

onsdag 13. desember 2017

Bok 48: Drømmetyderens død

«Drømmetyderens død» er den fjerde boken om gisselforhandler Niels Bentzon. 

Psykologen og drømmetyderen Evelyn Heiberg blir funnet knivdrept i sin leilighet der hun også tok imot sine pasienter. Gisselforhandler Niels Bentzon blir satt på saken, men det kommer på et svært dårlig tidspunkt. Hans kone, Hannah Lund, har akkurat fått en kreftdiagnose og Niels befinner seg i sitt livs største krise. Likevel fortsetter han. Jobben blir hans terapi, hans eneste lys i mørket. 

På drømmetyderens PC finner Niels en e-post som er sendt til det berømte Jung Institutt i Zürich. Evelyn Heiberg har bedt om hjelp til å tyde en drøm, som en av hennes pasienter har hatt i mange år. Snart går det opp for Niels at han kun kan oppklare mordet hvis han klarer å tyde drømmen.


Denne romanen er ein ekte pageturner etter mitt syn.  Han er vanskeleg å legge vekk.  Privatliv og yrkesgjerning er fletta saman.  Sterkt anbefalt!

mandag 11. desember 2017

2. søndag i advent

Dagen vart heller roleg i heimen. Eldstemann besøkte besteforeldra i Ørsta før han kom og åt middag hos oss.

lørdag 9. desember 2017

Førjulstreff i Molde

I dag har vi vore i Molde. Det har vorte ein tradisjon å møtast på midten og utveksle gåver. 

Ny av året er vesle Mathea Sofie. Ho er det einaste grandtantebarnet mitt. Fødselsdatoen hennar er lett å hugse, for den er sen same som oldefaren, og Audun vår er fødd på 75-årsdagen hans.



torsdag 7. desember 2017

Bok 47: Malstrømmen


Flere tragiske historier flettes elegant sammen i denne intenst spennende kriminalromanen med handling fra Nord-Norge.

Et uhyggelig skrik tiltrekker seg oppmerksomheten til to unggutter som leker på svabergene. I vannkanten finner de en mann . lenket fast med hendene i det iskalde vannet. 
Ei porselensdukke flyter i land 30 mil nord for Bodø, og ekteparet som finner den syns den varsler om ufred. Lensmannsbetjent Niklas Hultin har nylig flyttet nordover, og han syns dette er barnemat etter jobben i Oslo. Da ei kvinne blir funnet bevisstløs i strandkanten, kledd i en kjole som ligner dukkas, sprer uhyggen seg.

«Malstrømmen» er første lydbok om Rino Carlsen.


Eg ser at eg har lese bøkene til Frode Granhus i feil rekkjefølgje.  I denne første romanen bur Rino Carlsen i Bodø.  Om eg ikkje hugsar feil, flyttar han til Lofoten.

Eg kosa meg med denne romanen.  Krimgåta er noko innfølkt med mange forgreiningar, men til slutt gir det meining. Viss ein har krav til sannsynlegheit, bør ein nok styre unna... Eg har nok likt andre bøker i serien betre.

Opplesaren, Nils Johnson, gjer ein glitrande jobb med lesinga. 

No ser eg at forfattaren døde brått 15. september i år, berre 52 år gammal ...

søndag 3. desember 2017

1. søndag i advent

I dag kom dei nærtbuande borna på middag.  Eg serverte kjøtsuppe med focaccia og pærekake med krem og fruktcoctail til dessert.

I går kjøpte eg ein lilla løpar og nokre lilla lys til halv pris på Nille.  Eg tok sjansen på at eg hadde adventserviettar.  Utvalet i heimen var greitt.  Eg fann nokre med litt raudt/rosa i som passa til julegledene.

Det er eksamenstid for ungdomane i familien, så vi er glade for at dei tek seg ein pause og kjem hit.

lørdag 2. desember 2017

Sunnmøre tamilske kulturforening 30 år

I dag var eg invitert til fest som ein av dei gamle lærarane. Eg var 25 år då eg kom til Hareid. Eg var svært heldig som fekk lærarjobb i 1988. Elevane mine frå den tida er no middelaldrande menn. Nokre er fedre til elevar eg har hatt for ikkje så lenge sidan.

I kveld fekk vi sjå mykje flott tamilsk dans og song i tillegg til talar og helsingar. 

onsdag 29. november 2017

Triveleg husflidskveld

I dag var eg på juleavslutning i husflidslaget. Med meg går det mest i strikking. Over jul startar det opp kurs i både brodering av bunad og skjorte. Om nokon som les bloggen har lyst til å melde seg på ...

søndag 26. november 2017

Sandemessa


I dag gjekk turen til Larsnes der mannen, Øystein Orten, presenterte boka til Odd Goksøyr saman med han. 

Odd har omsett dikt av Christine de Luca frå shetlandsk til norsk. Øystein las og Odd song.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...