mandag 20. juni 2011

Gratulerer Margrete!

I dag kan vi gratulere systra mi med dagen!  Ho er ei dame i sin beste alder, og det er ikkje nødvendigvis 29!

Eg var fem år då eg fekk ei syster, og fordi eg fekk ei syster, ikkje ein bror, fekk eg meg fin ny kjole.  Det hadde med arvinga å gjere.  Om ho nokon gong brukte den kjolen, veit eg ikkje, men eg hadde den i dåpen.   Slik hugsar eg det.  Og slik er det med desse barndomsminna.  Noko er sanning og anna grensar til fantasi.

To systre kan lett bli samanlikna, også vi.  Konklusjonen er at vi er ulike, men også mykje like.  Det er alltid kjekt å vere i lag. Ungdomane antydar dårleg humor, opg det tek vi med ro. No har eg leita etter gamle bilde, og heilt typisk måtte eg klippe vekk meg sjølv.

Eg reknar med at ho har ei oppgåve i dag og.  Her er det avslutningsfest for tiande.  Det vert vemodig.  Elles er det mange som har fødseldagar no om dagen, så vi slår nok til med ei fellesfeiring når vi får ferie.

P.S.
Pakke er innkjøpt.

3 kommentarer:

  1. Kjekt med systre...

    Gratulere med dagen til henne!!

    PS: Skal tru om du hadde fått bukse om det kom ein gut ;-)

    SvarSlett
  2. Eg er framleis usikker på den ;-)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...