mandag 29. august 2011

Smalhans

 I dag kom Smalhans i postkassa (Bestilt frå Samlaget.) med ei hyggeleg helsing frå Gunda.  De kan bla litt i boka her.

Bodskap
Dette er ei kokebok med bodskap.  Mat kan vere både sunn, god og rimeleg.  Ein lærer om lure innkjøp.  Mat skal lagast frå grunnen av.  Samtidig er det "lov" å kjøpe ein pakke suppelapskaus.

Målgruppe
Gunda vender seg til studentar og andre som ikkje vil bruke for mykje pengar på mat av ulike grunnar.  Eg vil seie at dei fleste vil ha glede av boka.

Innhald
Boka er svært ryddig og tiltalande. Det er bilde av retten på eine sida og oppskrift ved sida av.  Det gjer boka inspirerande.  Både dessertar og kaker har fått plass.  Viss du bakar kaka rask sjokoladekake s.139 til ein barne- eller ungdomsfødselsdag, treng du omtrent ikkje meir søtmat.  Elles fann eg mange gode suppeoppskrifter.

Oppskriftene
Gunda er flikt til å gje alternativ.  Blautkakebotnen finn du i to storleikar. Du kan velje mellom ulike oljar eller buljongterningar. I staden for (kan sløyfast) som eg etterlyste i ei anna bok, skriv ho (viss du har).  Då let du ikkje vere å lage retten fordi du manglar ein liten ingrediens du ikkje har i huset.  Før kvar oppskrift kjem ein liten ingress/kommentar, gjerne med ei meiningsytring.  Det gjer boka personleg.  Det ho skriv er klokt.
 Pærekaka, ein gamal kjenning.  Kakeoppskriftene er enkle og gode.  "Alle" greier å bake desse kakene.
 Men så var det dette med å ikkje berre sitje å lese kokebøker, men kome seg ut på kjøkenet.  Her i huset et vi kveldsmat.  Då ungane var små, og dei hadde lagt seg om kvelden, syntest eg kveldsmaten var det beste og mest avslappa måltidet. No kjem dei heim etter dagens aktivitetar og er svoltne.

Eg valde oppskrifta s. 32.  Som de kanskje skjøner, litt fordi den inneheld ein heil skvåsj.  Eg steikte ein pakke bacon til garnityr.  Suppa fall i smak her!
Eit økonomiråd frå meg til slutt. I staden for å kjøpe vekeblad og romanar som du les berre ein gong, invester i gode kokebøker og andre oppslagsbøker.  Denne sparer du inn att kvar gong du bruker henne;-)

7 kommentarer:

  1. Eg "kjenner" Gunda frå bloggen hennar og frå Sunnmørsposten.Det inntrykket eg har, er at ho lagar spennande mat med mykje smak, så eg har tru på denne boka. Eg er av dei som kjøper kokebøker, men ikkje brukar dei så mykje. Vi lagar den maten vi er vant til og som vi likar.God appetitt har vi også, derfor blir det ikkje så mykje fiksfakseriar med maten eg lagar.Men du, i den jobben du har, har sjansen til å lære elevane å lage mat som er både sunn og god.

    SvarSlett
  2. Og til skulekjøkenet må vi tenke pris, så tankjemåten er den same der. Eg trur det er ei utfordring å få unge menn som bur for seg sjølv til å lage mat frå grunnen av.

    SvarSlett
  3. Så flott ei bok..
    Bør vel kjøpe den til eldste guten som er flytta til Tronheim på hybel :-)

    SvarSlett
  4. Julegåvetips - denne kunne eg godt ha tenkt meg!

    SvarSlett
  5. Notert Margrete! Flott bok for unge menn som vil koke!

    SvarSlett
  6. Den boka vil eg kjøpe. Takk for reklamen!
    Gunda er dotter til Hans sin fetter, så henne kjenner vi.

    SvarSlett
  7. Verda er ikkje stor! Eg har aldri møtt Gunda, men vi har ei felles venninne og ei felles interesse...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...