tirsdag 11. september 2012

Bok 44: Beretningen om herr Roos




Dette er den tredje boka i serien med Gunnar Barbarotti som etterforskar.  Gunnar sjølv sit med gipsa fot etter å ha jobba på huset som han, kona og dei fem borna skal bu i.  Det har og dukka opp ein kjærast - og svoger Roger.  Denne svogeren har mange feil og manglar, men han har praktiske evner i motsetnas til Gunnar Barbarotti.

Ante Valdemar Roos vert skildra som ein svært kjedeleg person.  Så kjedeleg er han at han leverer inn same tipperekka som far sin, og det gjer han kvar veke.  Då det kom ein til kamp på tippekupongen, heilgarderte han sjølvsagt.  Ekteskapet, det andre i rekka, er heller dårleg.  Så slår rekka hans til.  Han vert millionnær!  No kan han leve ut draumane sine.

På sin veg krysser lagnaden hans lagnaden til Anna Gambowska, ei eks-narkoman jente.  Dette får uante følgjer.

Dette er nok den hittil mest spennande boka i kvartetten.  Det er ei bok av den typen du begynner å sympatisere med dei kriminelle.  Og slutten, ja , den er finurleg som i dei andre.

Eg er godt i gang med den fjerde!

Dei fire romanane har ulike lesarar.  Eg meiner Nils Ole Oftebro som les denne, les absolutt best!

Barbarottikvartetten:



  • Menneske uten hund (2006)
  • En helt annen historie (2007)
  • Beretningen om herr Roos (2009)
  • De ensomme (2011)
  • 4 kommentarer:

    1. Håkan Nesser er en av mine favorittar. Han greier mestersykket å gjere nokre av sine hovudpersonar så kjedelege at dei blir interessant. Eg har lese bøkene om Gunnar Barbarotti, men kan tenke meg at Nils Ove Oftebro fungerer ypperleg som opplesar.Kos deg med "De ensomme" :)

      SvarSlett
    2. Av alle Nesser sine bøker, er denne min favoritt.
      Som eg lenge har prøvd å overtyde deg om er Nesser einkjempebra forfattar.
      Nils Ole Oftebro er ein soleklar favoritt blant opplesarane.Så her er alt på plass. Håper du tek vare på dei andre bøkene-dei eg ikkje har lese.

      SvarSlett
    3. Eg har dei på slike MP3-spelarar book2go - kjøpt i Oslo.

      SvarSlett
    4. ar ikkje lese dei tre andre i serien. Trur eg,

      SvarSlett

    Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...