søndag 18. november 2012

Shepherd's pie

 I går stakk eg innom Rema 1000 på veg heim frå Ørsta.  Ærendet var Friele kaffibønner, noko eg har oppdaga ein får kjøpt der.  Eg tok med meg eit gratis hefte med mat under 100-lappen.  Der såg er at shepherd's pie var kåra til den mest populære retten.
 Det passa godt å ta eit par pakkar kjøtdeig opp frå frysaren.  Eg hadde elles alle ingrediensane, berre ikkje parmesanost.  Eg let ikkje det stoppe meg, men brukte vanleg riven ost. Oppskrifta vart dobla, men eg tippar eg likevel kom under hundrelappen. Under finn de oppskrifta frå heftet.
 Potetstappe:
1 kg poteter

1 1/2 dl matfløyte (ev. H-mjølk)
2 ms smør
salt og pepar

3 ms riven parmesanost (til slutt)

Kok poteter utan salt.  Mos potetene og ha i fløyte og smør.

Her må eg berre skyte inn:  Eg bruker eg alltid meir mjølk enn i oppskriftene...


Fyll:
1 gulrot
1 løk
3 båtar kvitløk
2 ms olivenolje til steiking
400 g kjøtdeig
1 1/2 ms tomatpuré
2 1/2 dl grønsakbuljong (terning + vatn)
1 ms maisenna utrørt i 2 ms vatn
salt og pepar

Skjer gulrot, løk og kvitløk i terningar.
Steik grønsakene i olivenolje til dei er blanke.
Ha i kjøtdeig og steik til dein er brun.
Ha i tomatpuré og steik vidare i eitt minutt.
Ha i buljong og lat det koke 3-5 minutt.
Ha i jamning av maisenna og vatn.
Smak til med salt og pepar.

Legg fyllet i ei eldfast form. Eg brukte gryta.
Legg potetstappa over og dryss parmesanen på toppen.
Steik ved 200 grader ca 20 minutt til den er brun og fin på toppen.


Vurdering:
Ungdomane i familien likte retten svært godt, så eg forstår godt at dette er ein folkefavoritt!  Sjølv kunne eg tenkt meg mindre potetstappe, meir grønsaker og meir smak i form av andre grønsaker og krydder?  

2 kommentarer:

  1. Det var rart...eg laga Sheperds pie i dag også!
    Laga ein stor porsjon,men ikkje fra Remas 1000 sitt skattekammer(ha,ha..)men "ekte"sheperds pie med lammekjøttdeig.Og ikkje parmesan ost.Jamie Oliver serverar brokkoli og erter ved siden av.

    SvarSlett
  2. Eg er glad i lam, men den kjøtdeigen er skrekkeleg feit ... Skal sjekke andre oppskrifter. Synest berre det var så artig med "folkets favboritt" ;-)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...