søndag 13. januar 2013

Stoppe opp eller kjøpestopp?

Januar er vel månaden då ein skal begynne på eit nytt og betre liv.  Aviser og blad er fulle av trenings- og slanketips.  Slik har det vore i alle år. 

Ein litt nyare trend er kjøpestopp.  Ein bestemmer seg for å slite på det ein har eitt år.  Store summar kan sparast på å ikkje kjøpe kle eller ting til heimen.  Eg tenker at der har mange av oss vore, ikkje nødvendigvis av fri vilje.  Men ein har kome ut av det med nye erfaringar.  Vi har stort sett mykje meir enn vi treng.  Vi kan godt stoppe litt opp og tenke over om vi verkeleg treng alt vi kjøper.

Sjølv har eg bore rikeleg med mat inn i huset til jul.  Matboda og fryseboksane er velfylte.  Så her har eg prøvd å gjennomføre ein liten kjøpestopp.  Eg kjøper mjølk, frukt og grønt og anna som eg treng for å få brukt noko anna.  Men her vert ein sjølvsagt motarbeidd av butikkane.  Dei pøser på med 10-kronerssal, få-attpå, store pakningar for liten pris i tillegg til vanlege tilbod.  Så vert det til at ein kjøper litt for å gjere det enkelt.

Men det går rette vegen!  I dag laga eg sheperd's pie av kjøtdeig som eg har fått attpå pizzadeig, potetmos frå frysaren og bønner frå frysaren.  Vi har no lært at vi skal ete meir bønner for hjernen, så eg har kokt og frose ned i porsjonar.  Det kan snikast inn i ein del rettar. Til dessert vart lageret minka med 2 pakkar gele og 1 pakke frosne.  Ein lever ikkje dårleg ...   Og bordet?  Eg trur eg har kjøpt både lys og serviettar på minus 70% ein gong?  

3 kommentarer:

  1. Når det gjeld handling av matvarer er det slik at eg at frysar og matbod er fulle og ,som du, berre handlar det eg treng for å bruke av lageret.
    Eg har sikkert sagt det før, at etter eg vart trygda og heimeverande har redusert matbudsjettet mykje.
    Takk for oppskrift på vaniljesaus.

    SvarSlett
  2. Ja, det er mykje å spare på å lage mat frå grunnen av. Men med full jobb og andre som kjem heim først, vert det lett å kjøpe ein del ferdig og la andre lage maten. Utfordringa vert å velje rett!

    SvarSlett
  3. Kjenner meg så igjen. Er så lett å kjøpe med seg ting fordi det er så billig. Men det er godt i perioder å bruke noe av det som ligger i fryser og skap. Lager noen ganger menyer av bare mat fra frysen. En må selvsagt kjøpe litt ferskvarer.
    Men en kan nok leve etpar måneder på det en har visst en rensker opp. Men det er slik her også at en noen ganger må bruke litt halvfabrikata for å få ungdommen i huset til å lage mat.
    Servietter og lys har jeg sikkert for nok av for minst et halvt år, hehe. Er så lett å kjøpe med seg litt når en kommer over gode tilbud.



























    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...