torsdag 14. februar 2013

Søtpotetsuppe

 Enkelte dagar er middagen min ei brødskive med makrell i tomat.  I dag åt resten av familien tacorestar.  Før fotballspelaren kom att, slo eg til og laga ei suppe av eit par søtpoteter eg kjøpte i glede av å finne produktet i butikken.  Før har eg berre omnsteikt søtpoteter.
Eg tok utgangspunkt i ei oppskrift som kan brukast til ulike grønsaksupper.

2 små/1 stor løk
2 båtar kvitløk
1-2 ms olivenolje 

300-400 g grønsaker (Her: 2 søtpoteter)
1 boks kikerter (eg brukte ca. 200 g kokte)
5 dl vatn
1 buljongterning

salt og pepar etter smak

Surr løk og kvitløk i olje før du har i resten av ingrediensane.  Kok til grønsakene er møyre.  Mos suppa med stavmiksar.  Smak til.  Ein kan også ha urter og/eller eplesider- eller balsamicoeddik i suppa.  Ha i meir vatn eller litt mjølk dersom suppa vert for tjukk.

Noko steikt bacon hadde vore godt i, fekk eg høyre i dag.  

Suppa kan sjølvsagt brukast til forrett eller til kveldsmat med godt brød til.

6 kommentarer:

  1. Du toler vel 2 skiver med makrell... Blei supa god? Eg har smakt søtpotet ein gong, det fall ikkje i smak, men kanskje det var tilberedinga det var noko i vegen med.

    SvarSlett
  2. HM ... Eg legg ein heil boks oppå skiva - sidan det er middag. Suppa vart litt søt - og god vart den. Eg kan tenke meg at små born også vil like den. Fargen er fin!

    SvarSlett
  3. Jeg leser og leser... hvor kommer potetene inn her? :)

    Sorry hvis spørsmålet er dumt, men jeg forstår ikke...

    SvarSlett
  4. Søtpotetene er grønsakene. Eg skal presisere over! Takk for spørsmålet! Ein ser ikkje alltid kva andre les...

    SvarSlett
    Svar
    1. ahaaa:) Tusen takk!! Jeg elsker søtpoteter, så dette vil jeg prøve :)

      Slett
    2. Eg berre deler mine eksperiment...

      Slett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...