fredag 14. juni 2013

Bilde frå badet

 I dag kom dei siste hengslene på plass å badet.  No manglar eg berre ein såpedispenser i frosta glas. I dette badet kan ein velje den fargen ein vil på handdukar.  Dei eg no har hengt opp, fann eg på loftet.  Eg har sikkert kjøpt dei på -70%.  Meininga var at eg skulle sende dei med han som skal på hybel til hausten.  Det kan eg framleis gjere.
 Ved sida av toalettet ville eg ha eit ekstra skap.  Der kan ein til dømes plassere vaskemiddel og toalettpapir.
Her i huset er mange glade i å bade, så vi valde å sette inn eit nytt badekar.  Det tok meg ei lita stund å forstå at ein må snu på krana for å få vatn i dusjen.

No manglar eg berre nye gardiner og/eller persienner. Eg har hengt opp den gamle persienna - mellombels.

2 kommentarer:

  1. Det ser kjempefint ut, og eg trur de kjem til å bli veldig fornøgde med det nye badet. Eg saknar å ha badekar, men vi har ikkje plass til både det og dusjkabinett.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...