onsdag 12. juni 2013

Liv i buskane

 Etter ein hard vinter har det vore spennande om det ein planta i fjor, har overlevd.
Retting: Forfjor.
 Det er liv i alle dei tre buskane eg fekk av systera mi.
 Det er ikkje sikkert dei vert så store, men dei vil i alle fall etablere seg og bli sterkare.
 Rosa som eg fekk av svogeren min, hadde eg omtrent gitt opp.  Fleire greiner er daude.  Men eg har høyrt at ein aldri skal gi opp ei rose før jonsok, så eg let henne stå.  Og no er der altså liv.
Liljekonvallane var freistande å plukke inn inspirert av kongeleg bryllaup.  Det tok eg meg ikkje "råd" til.   dei er så fine der dei står.  Og eg vil gjerne at dei skal formeire seg.

3 kommentarer:

  1. Trist med alt som har døydd i vinter, desto meir glede over det som vaknar til live igjen. Eg har grave opp og kasta alle rosebuskane. Du får sjekke dei nye skota på rosene dine, så du ikkje avlar på villroser. Blada skal vere 5-delte, men det veit du sjølvsagt.

    SvarSlett
  2. Det er like spennende hver vår å se hvordan plantene har klart vinteren.

    SvarSlett
  3. Og her har vi hatt ein ekstra kald vinter.
    Eg har ei rosa rugosa som eg må ta vekk villskota på kvart år. Det er lett å sjå skilnad. Villskota har sju blad?

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...