søndag 15. september 2013

Naanbrød - for skulekjøken?

 Eg fekk eit spørsmål ein dag om eg hadde prøvd oppskrifta på naanbrød i den nye kokeboka, og om det kunne vere noko for skulekjøkenet.
Då var det berre å sette i gang.  Eg gjorde som elevane; følgde oppskrifta slavisk. Det vil seie, eg hadde ikkje i krydder. Mine eigne kommentarar er i kursiv.

1 dl mjølk
1 ms sukker
1/4 pk fersk gjær
1/2 ts salt
1 ts bakepulver
2 ms olje
1 1/2 dl yoghurt naturell
ca 5 dl kveitemjøl
2 ts garam masala, spisskum eller malen koriander

1. Set steikeomnen på 275 grader og dekk eit steikebrett med bakepapir.
Dette er litt tidleg, men hugs at vi er på eit skulekjøken.
 2. Varm mjølka til ho er fingervarm (ca 37 grader) og tilset sukker og smuldra gjær.
3. Rør om og la blandinga stå i 15 minutt.
Her er eg skeptisk av to grunnar: Faren for gjærsmak er stor, og tida går.

 4. Tilset dei andreingrediensane og elt deigen saman. Bruk så mykje mjøl at deigen vert glatt.
5. Dekk bakebollen med plast og lat deigen heve ca 1 time på ein lun stad.
Alle som har arbeidd på eit skulekjøken, forstår at her går tida.  Det står ingen ting om å varme youghurten heller.  
 6. Ha litt mjøl på bakebordet, skrap ut deigen og del han i seks emne. Trykk emna flate og kjevl dei ut til dei er ca 1/2 cm tjukke.
Eg kjevla dei så store som mogeleg.
7. Legg emna på steikebrettet og steik dei midt i omnen 2-4 minutt.  Snu naanbrøda ein gong under steikinga.  Pass på at dei ikkje vert brende. Server dei lune.

Eg synest kanskje naanbrøda vart litt tjukke samnlikna med dei eg har fått på indisk restaurant. Kanskje ein heller skulle laga fire på to brett? Steikinga går fort. Naanbrøda fall godt i smak i familien.  Det er allereie spørsmål om å lage fleire. (Sjølv meinte eg det smakte litt av gjær, men så var no eg no det ein på bokmål kallar "forutinntatt".)

Skal vi lage naanbrød på skulekjøkenet, må vi finne ein måte å skru opp tempoet på. Truleg må vi varme all væska og lage deigen i eitt.  Det spørs om vi ikkje også må doble gjærmengda.


4 kommentarer:

  1. Nanbrød er kjempegodt.
    Skal jammen prøve å lage det med
    speltmel og havremelk/soyajoughurt
    Ha ei flott uken :)

    SvarSlett
  2. På skulekjøkkenet brukte vi alltid å sette bakebollen i varmt vatn i vasken. Vi hadde berre to timar, så då måtte vi bruke alle knep.

    SvarSlett
  3. Det gjer vi og! Sjølv om vi har tre timar, hat vi ikkje tid til 15 + 60 minutt ventetid. Deiglaging tek og si tid. Så skal ein ha tid måltid og oppvas/ opprydding.

    SvarSlett
  4. Og då må ein kanskje bruke meir gjær. Nanbrøda såg gode ut, forresten!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...