mandag 9. februar 2015

Bok 7: Slåttekar i himmelen

No har Edvard Hoem gått tilbake til oldefaren sin i Slåttekar i himmelen. Hoem skriv høgstemt og vakkert om enkle liv. Arbeidet skildrar han så du kjenner det, og kjærleiken så du blir rørt.
Edvard Hoems oldefar heitte Knut Hansen Nesje, men alle kalla han berre Nesje. Forteljinga i denne romanen begynner utanfor Molde i 1874, der Nesje er slåttekar, og enkemann på andre året, med ein son å ta seg av. Plutseleg dukkar Serianna opp. Ho røyker pipe og får Nesje med på seifiske, og saman finn dei kjærleiken. Snart er dei gift og får barn.
Menneska ved Frænfjorden lever eit liv i hardt arbeid, tett på jorden og fjorden. Men ein ny veg er i ferd med å opne seg i desse åra - stadig fleire sel det lille dei eig, og legg ut på den strie og eventyrlege reisa til Amerika. Seriannas søster Gjertine drøymer om å dra, sjølv om ho er berre ungjenta. Det begynner å koma brev frå utvandrarar som fortel om ein frodig, men også ugjestmild prærie som skal bli til gardsbruk og heim.
"Slåttekar i himmelen" er ei forteljing om det nye og det gamle landet, om arbeid, byrgskap og kjærleik, om å vera villig til å satse og gjere store offer.

No har Hoem dikta livet til oldeforeldra sine og deira slektningar.  Nesje arbeider for andre og drøymer om eit fritt liv på eigen gard.  Livet er hardt, og han kan ikkje unne seg mykje kvile.  Vi kjem inn i historia då han er enkemann og møter den framtidige kona si.

Roamnen har gjort eit sterkt inntrykk på meg.  Ikkje minst kor tøft det må ha vore å sjå borna flytte heimanfrå.  Nesje ser ikkje mykje til sonen frå første ekteskap.  Ein son vert sett bort til morbroren og kona som sjølve ikkje fekk barn.  Det var ikkje uvanleg.  Sjølv om guten ikkje hadde lyst og bad pent om å sleppe, er foreldra redde for at dei ville teke frå han framtida som eigar av garden til onkelen. Ein annan son reiser til Amerika.  Dei som reiste dit fekk det og tøft.

Laurdag las eg om uveret på prærien i Amerika medan stormen Ole herja her.  Når ein les bøker frå andre tider og/eller andre stader, så ser ein kor heldig ein er.  Det er nok folk rundt om i verda som i dag stevar på same viset som desse menneska gjorde.

Eg trur dette er ein roman for historieinteresserte i alle aldrar.  I tillegg er det ein roman for alle som har levd ei stund. Terningkast 6 frå meg.

4 kommentarer:

  1. SÅ flott!
    Mannen min fekk den til Jul. Får prøve å få lest den.

    God natt :-)

    SvarSlett
  2. Takk for boktips. Som oftest liker jeg å lese samtidsromaner, men noen ganger kan historiske romaner også være kjekk lesing.

    SvarSlett
  3. Edvard Hoem er ein einar i norsk litteratur. Nydeleg nynorsk skriv han, og han skildrar menneska med kjærleik og innsikt.I tillegg skriv han enkelt, men ein kan lese mykje mellom linjene. Eg skulle gjerne plussa på terningkastet ditt fordi han les lydbøkene sjølv. Han har ei av dei aller beste lydbokstemmene i landet

    SvarSlett
  4. Denne romanen rørte meg ved hjarterøtene, for å seie det slik. Hoem les svært godt, og han har Noregs vakraste mannsstemme!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...