søndag 7. juni 2015

RIAF-dag

Fredag hadde vi ein dag då vi rekna i alle fag.  Elevane var delte i 16 grupper og gjekk rundt på åtte stasjonar.  på skulekjøkenet var jobben å rekne ut kor mykje sukker det er i ulike flasker.  Det vart differensierte oppgåver, for på Burnboksen stod det kor mange gram det er i boksen, medan det på Solbærsirupen stod kor mykje sukker det er i utblanda saft. 

Etterpå rekna elevane ut kor mykje sukker ein får i seg om ein drikk ein halv liter cola om dagen.  Eg hadde klar eit par tipakningar.  På nokre grupper fekk vi tid til å snakke litt økonomi også.  det kostar å kjøpe seg kioskvarer.

Det som sjokkerer mest, er at det er meir sukker i utblanda saft enn i Burn og cola.  I iste er det nesten like mykje som i brus.

Oppgåva har fleire mål:
  • Les på emballasjen
  • Drikk vatn til tørstedrikk
  • Mange bekker små gjer ei stor å
Og at elevane rekna, er det ingen tvil om!

3 kommentarer:

  1. Astrid, veninna mi, har kjøpt seg seltersmaskin, og no drikk dei vatn som aldri før. Utan verken salt eller søtt. Berre kolsyre.

    SvarSlett
  2. Ei eg kjenner, fekk hol i tennene for første gong på mange år då ho hadde skaffa seg brusmaskin som ho berre brukte til vatn. Kolsyre er vel surt kanskje?

    SvarSlett
  3. Det kan godt hende. Eg kan bli litt "urven" i magen av for mykje kolsyre.(Legen har advart mot det). På Kongsberg drikk eg isvatn i store mengder.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...