mandag 22. juni 2015

Så reiste vi til Kristiansund

Når ein køyrer til Aure, går vegen forbi eit kryss ser det ikkje er så langt til Krisiansund.  Eg ytra derfor eit sterkt ønske om å stikke innom byen på heimturen i går. Det meste såg vi frå bilen, men vi stoppa og gjekk ein tur i sentrum.

Der låg mange store båtar langs kaia.
Utanfor rådhuset.
 
Alle byar har vel sitt city!
Eg kunne godt tenkt meg attende ein gong butikkane var opne, ikkje ein søndag ...


Då eg såg denne kjerringa med klippfisk i handa, tenkte eg på dagens kjerringar.  Dei har vel ein mobil i handa?

I dag har eg hatt min siste arbeidsdag før ferien.  Eg hadde tenkt meg ut i hagen ut på ettermiddagen, men ein heller sterk vind har gjort det noko utriveleg.

1 kommentar:

  1. Me var nokre dagar i Kristiansund for nokre år sidan, der var mange fine turar å gå, og tura med Sund-båtane er litt artig.
    Nyt ferien, veret lova bra framover. I dag åt me middag ute for første gong denne sommaren.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...