tirsdag 30. juni 2015

Tur til Ørsta

I dag hadde frøkna og eg avtalt ein handletur i næraste bygd.  Sjølv burde eg og oppgradere garderoben til hotellferien.  Ho overtydde meg om at eg burde kjøpe meg nokre toppmoderne sko.  I år skal ein visst gå rundt i helsesko. Eg kan no eventuelt slite dei ut på jobb seinare. Eg kjøpte meg og ei mørkeblå bukse som går under knea.  Når ein seinare skal pakke med seg lite kle, er det greitt å halde seg til få fargar.  I år vert det visst kvitt og blått.

Etterpå fekk vi kaffi og kaker hos foreldra mine.

P.S.
Vi var også innom den nye bruktbutikken i Ørsta.  han er utruleg stor og oversiktleg.  Kjøpa der får eg vise ein annan gong.  No skal eg ut og gå på tysdagstur!



2 kommentarer:

  1. Fine sko som ser gode ut. Men dei likna på helsesko.
    Kanskje eg skal satse på slike ?

    God sommarveke, som endeleg kom :)

    SvarSlett
  2. I Ørsta greidde dei ikkje å skaffe nok. Frøkna fekk heldigvis andrevalet; svarte. Det er eit helseskomerke! Godt det er moderne med noko som er godt å gå i.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...