fredag 8. september 2017

Bok 35: Land ingen har sett


I Edvard Hoems nye bok Land ingen har sett møter vi igjen storfamilien Nesje frå Slåttekar i himmelen og Bror din på prærien. 1800-talet har blitt 1900-talet, verda og slekta er i endring, men kjærleiken er framleis sterk.

Presentert av Ruth Lillegraven, forfattar:
Automobilane har dukka opp, og ein verdskrig ligg på lur. Slåttekaren Knut Nesje er død, og kona Serianna lever åleine. Det er to av sønene deira vi no følgjer tettast. Kraftkaren Eilert lever sitt liv med kona Martha og den stadig veksande ungeflokken i Donalda på Alberta-prærien i Amerika. På den andre sida av det store havet, i Romsdal, bur veslebror Anton Edvard. Sjølv som vaksen klarar han ikkje slutte gruble på kvifor foreldra sende han til den barnlause onkelen og tanta i Hoem då han var liten. Begge brørne prøver skape seg ei god framtid. Men det byrjar gå opp for dei at hardt arbeid ikkje alltid er nok. Verdskrig, uvêr, sjukdom og ulukker - det er mykje ein ikkje kan rå med, mykje å uroe seg over. 

Eit verdshav mellom seg
Mest av alt handlar det likevel om å vere ein son, ein bror, ei syster, ei mor, ein far - og ha eit verdshav mellom seg. Den stolte, strie Eilert tenkjer stadig på å ta ein tur heim, til landet der han trådde sine barnesko. Men stadig kjem eit eller anna i vegen, kanskje mest av alt han sjølv. Alle desse åra går det likevel brev fram og tilbake over Atlanterhavet, frå bror til bror, frå hjarte til hjarte. Vil dei nokon gong sjå kvarandre att?


Og så er det ektepara. Eilert og Martha, Anton Edvard og Beret Anna - og Ole og Gjertine, den noko eigenrådige tanta til dei to brørne. Tre par som får kjærleiken utfordra av livet og alt det medfører av slit og strev og knuste draumar. I opprør over noko ho trur Ole har gjort, legg Gjertine til og med ut på ei lang reise til sonen Severt og hans familie i Canada. Reisa skal kome til å endre henne. Og den sterke lidenskapen både Eilert og Anton Edvard deler med konene sine - kan den også vere farleg for dei?

Ta vare på kjærleiken
Ta vare på kjærleiken, som var han eit barn du bar på armen, tenkjer Martha på eit tidspunkt, og den tanken gjennomsyrar i grunnen heile boka. Edvard Hoem teiknar levande menneske for oss, dei er både store og små, sterke og svake - slik menneska har vore til alle tider. Og nok ein gong maktar Hoem å bruke fortida til å seie noko om vår samtid og framtid, med folk i stadig flyt mellom kontinenta. Dette er bøker som glir så lett og fint av garde, som ei stille elv. Det er nesten så vi ikkje merkar kor mektig det er, det eposet Edvard Hoem her gir oss.


Denne romanen var eg svært glad då eg fann han som lydbok på biblioteket.  Eg liker godt forteljinga, og det er eit ekstra pluss å høyre forfattaren lese sjølv.  Eg gler meg til neste roman! Eg ser romanen har fått terningkast.  Sjølv hadde eg slått til med ein seksar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...