søndag 4. februar 2018

Piggsko

Førre onsdag fekk eg nokre fæle smerter i høgre legg.  Eg vakna om natta av krampar, og så fekk eg krampar når eg reiste meg frå stolen. Mannen meinte det ikkje kunne vere strekk, for då skulle eg ikkje greie å gå.   Frøkna stilte diagnose på telefonen: Nummeret før strekk.

Det einaste eg kunne kome på var at eg heldt på å gli og ramle tysdagskvelden, men greidde meg akkurat. Då må det ha rykka godt i høgrefoten i nestenfallet. 

Både mannen og to av gutane, dei som spring vinterløp, har skaffa seg piggsko til vinterbruk.  Det same har nokre av turvenninnene.  Så då mor mi og eg kika litt i butikkar fredag, og eg kom frampå eit par i rett storleik, slo eg til!

No er det ikkje så mykje is på vegane. Men i dag ville eg begynne å gå dei inn.  Rotarystien var derimot islagt.  Der gjekk det fint å fote seg med piggsko.  Ein kan gå mykje meir naturleg og avslappa. Ein må berre legge av seg at broddar og piggsko er for gamlingar... Dei finst i mange utformingar!

I nyheitene no såg eg akkurat at det er mange beinbrot.  Piggsko er ei smart investering! 

Det får bli dagens reklame.

1 kommentar:

  1. Ja, det er smart.
    Eg gløymde mine heime i helga så eg har vonde leggar etter tur
    på glatt veg ved hytta...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...